Lastebilen International Harvester 1928 er komen tilbake til Røldal, etter om lag 50 år på Austlandet. Karosseriet er restaurert av mannen som bygde ”Il Tempo Gigante”. Bilen skal stå i ein sentralt plassert garasje, med moderne uttrykk, som kontrast til bilen som er frå 1928. Garasjen har store portar/ vindu i gavlane, og langstrakte vindu på den eine langveggen. Solcellepanel på sørveggen gjev straum til lys og oppvarming. 2013